Von Dess?

Oppstarten

Von Dess Tekstilengros blei stifta i 2005 av ein sunnmøring i Trondheim med heimlengsel. Von Dess var i byrjinga kun meint som ei intern greie mellom nokre kameratar, men ryktet spreidde seg raskt, og innan utgangen av 2005 hadde vi allereie seld 76 produkt.

Utviklinga stoppa ikkje der, og i skrivande stund (30. juni 2008) har vi seld heile 724 produkt - og dette håper vi berre er byrjinga.

Kva betyr Von Dess?

Von Dess er eit sunnmørsuttrykk, som betyr noko slikt som "vi får no sjå, språkhøvdingen Ivar Aasen si tolkning var "med mulighet at lykkes. Blandakoret Von Dess har på sine nettsider fleire ulike tolkningar, mellom anna "kva var det eg sa?" og "kven veit?"

Lesarinnleggshøvdingen frå Stranda, Øystein Fjørstad, er vel kanskje den vi i dag veit som nyttar Von Dess utrykket oftast. Klikk her eller her for å sjå nokre av dei karismatiske lesarinnlegga som han har skreve. Øystein er stadig vekk å sjå i produkt frå Von Dess - både privat, i avisene og på fjernsyn.

Bestillingar

Von Dess nyttar leverandøren Spreadshirt for trykking og levering av produkta vi sel. Spreadshirt held til i Tyskland, og difor kan det tilkome toll og avgifter på ordrar som overstig 200 kroner (i denne summen tel ikkje frakta, du kan med andre ord trygt kjøpe eit produkt til 199 kroner). Dersom du ønsker å bestille meir enn eit produkt anbefalar vi deg at du skil dette i fleire separate bestillingar, då fraktprisane frå Spreadshirt er svært fordelaktige. Varene finn du som regel i postkassa di etter 5-7 dagar. Dersom du ønskjer å gi eit produkt som gåve så kan du mot eit lite tillegg få vara sendt i gåvepapir.

For å handle frå Von Dess kan du enten velge om du vil handle ut frå motivtype, kjønn eller alder, eller produkttype. Hald musepeikaren over dei ulike lenkjene på toppen av sida, og det vil visast ei nedtrekksliste der du kan gjere ditt val.

Korleis er kvaliteten på varene?

Framifrå. Ganske enkelt. Trykkmetoden som blir nytta kallast Flex. Den er kjenneteikna ved at motiva som benyttast først blir skjært ut frå ein folie. Deretter blir motiva trykt på produktet ved hjelp av varme. Metoden er relativ lite fleksibel, sidan den sett strenge krav til kompleksiteten på motiva som kan nyttast (blant anna må eitkvart element ha ei minimumsbredde på 1,5 mm, og motivet kan maksimalt ha tre fargar).

Om ein månads tid vil ein ny trykkemetode vere tilgjengeleg. Denne metoden fungerar omtrent som ein blekkskrivar kor ein har bytta ut papiret med for eksempel ei t-skjorte. Fordelen med denne metoden er at ein står mykje friare til å trykke produkt som ved Flex-metoden er umogleg. For eksempel kan ein med bruk av denne metoden trykke bilder i høg kvalitet, noko som ikkje var mogleg tidlegare.

Ta ein kikk på bileta under for å sjå korleis trykkvaliteten er:

Bildet viser eit to-farga trykk i henhaldsvis sølv og gull-metallic. Ein større versjon av forrige bilde. Denne skjorta blei kjøpt ved oppstarten i 2005. Som ein kan sjå så er kvaliteten framleis framifrå!

Videoen under viser korleis vår t-skjorter blir produsert: