Motivforslag

Mange av dei fine produkta som Von Dess Tekstilengros har på marknaden hadde ikkje eksistert om det ikkje hadde vore for dei trufaste kundane våre som har sendt inn motivforslag.

Dersom du har eit motiv du har lyst til å sjå på ei t-skjorte frå Von Dess blir vi glade om du sender inn eit forslag! Vi står for illustrasjonane til produktet. Vi set pris på om instruksjonane for korleis du vil produktet skal sjå ut er nøyaktige. Dette kan både gjerast ved å sende inn ein detaljert tekstbeskrivelse, men det er kanskje enda betre om du legg ved eit bilete.

Sidan Von Dess sine t-skjorter er laga av sunnmøringar og for sunnmøringar, så er det motiv som identifiserar oss som sunnmøringar vi vil ha inn. Dette kan for eksempel vere eit dialektuttrykk, eit slagord, eit bilete av noko som kjenneteiknar ein sunnmøring eller noko som har sitt opphav på sunnmøre (eit eksempel her er nynorsken).

Dersom ditt forslag blir akseptert og skjorta kjem på marknaden så vil du få tilsendt ei t-skjorte med motivet som takk!