Tidsklemma har teke innehavarane med storm, og det har ikkje vore like mange oppdateringar som vi ønskjer dei siste åra.
MEN! Nettbutikken er fortsatt ved sine fulle fem - bestillingar blir registrert og levert, og betaling blir - til vår store glede - mottatt slik dei skal. Det er med andre ord ingen grunn til å gå sommaren 2015 i møte skjortelaus.
"Jesus is my homeboy" seier amerikanarane. På Sunnmøre seier vi "Ivar er min heimegut", og vi kan difor stolt presentere produkt med dette motivet - antageligvis eit av dei tøffaste motiva vi har lansert så langt. Klikk her for å sjå!
Fleire nye motiv er på veg, og vi jobbar med å gjere det enklare å handle i nettbutikken.
Ha ein gild 17. mai!