Kontaktinformasjon

Biletet over er teke under generalforsamlinga vår i 2005.

Bak, frå venstre: Marknadsdirektør Hans Petter Eide, Nøkkelkontohandterar Hans Petter Eide, Dagleg Leiar Hans Petter Eide, Informasjonsansvarleg Hans Petter Eide

Framom, frå venstre: Vevansvarleg Hans Petter Eide, Administrerande Direktør Hans Petter Eide, Supportansvarleg Hans Petter Eide og til sist Produktansvarleg Hans Petter Eide.

Vår tidlegare sekretær Hans Petter Eide, som ein kan sjå i bakgrunnen, kan ignorerast. Han mista kort tid etter at biletet vart teke jobben grunna sin utagerande oppførsel og blei erstatta av Hans Petter Eide.

I Von Dess Tekstilengros nyttar vi oss av ein flat organisasjonsstruktur. For å henvende deg til ein av personane ovanfor kan du difor sende ein mail til vår sekretær Hans Petter Eide, så set han deg i kontakt med den du søkjer etter.